MED ENGASJEMENT FOR Å GLEDE

Då besteforeldra mine, Mathilde og Johannes Vadset, gifta seg på 1930-tallet, var kjærteikn noko som høyrde privatlivet til. Gjennom heile det lange ekteskapet deira, viste Johannes sin kjærleik overfor Mathilde ved å vekke henne kvar morgon med ein kopp kaffi og ein sjokolade på sengekanten.

Eit kjært minne som dette, var noko eg tok med meg då eg starta opp sjokoladefabrikken på Emblem i Ålesund. Det ligg mykje kjærleik i kvar bit. Støypt for hand. Og fyllet er laga etter eigne oppskrifter. Nærleik til råvarene er viktig. Jordbær og bringebær kjem fra Valldal. I tillegg til mellom anna lokal multebær, honning og havsalt.

I annekset på ”Utsikten” produserast sjokolade i lokale med ei blanding av gammalt og nytt. Inspirasjonskjelda er dei flotte omgjevnadane med utsikt til Storfjorden og Sunnmørsalpane.