PLATER MED EIGEN PROFIL/LOGO

PLATER MED EIGEN PROFIL/LOGO

Sjokoladeplater

Pralina lagar sjokoladeplater med krokan, kaffi, chili, havsalt og peanøtt. Platene er pakka i flotte esker med ulike motiv etter smak, der det sjølvsagt er mogeleg med din firmalogo eller eige bilete.

Praliner med smakar som passar deg

Praliner med smakar som passar deg

PRALINER (KONFEKT)

Vi leverer alt frå enkle bitar til esker med 2 til 24 bitar.

Små merksemder til ein kursdeltakar, eller ei litt større påskjøning til ein kunde ellerføredragshaldar. Kanskje nokre godbitar på eit fat før ein hastar inn til eit nytt innslag.

Konfektesker kan leverast med din firmalogo eller eige bilete. Ei slik gåve skil seg ut blant mange andre og gjer bedrifta di godt synleg. Bitane har ofte namn som Sjøsprøyt, Multegull, Nøtteliten eller Bringebærdraum. Har bedrifta di eit spesielt smaksynskje? Ja, då finn vi ei løysing i lag!

 

Sjokolade er til for å glede – heile året!